Hjelpe- og menighetsarbeid i India
Solveig og Erling Thu har som utsendingar frå Kristent Fellesskap fått vore med i eit rikt misjonsarbeid i India dei siste 17 åra.
I løpet av denne tida har dei indiske medarbeidarane våre starta meir enn 2000 nye forsamlingar og om lag 200.000 menneske har vendt seg til Gud og valgt å følje Jesus. Samstundes har me hjelpt mange foreldrelause barn og fattige familiar til eit betre liv. Me har også hjelpt til å starta ein kristen skule som har nærare 300 elever og som oppnår gode resultat.
Bibelskule i JaipurKristent Fellesskap i Bergen har i mange år finansiert ein bibelskule som har trena leiarar som har starta forsamlingar i fleire av statane i India og også i nabolandet Nepal. Det er uråd å ha oversikt over kor mykje bibelskulen og medarbeidarane som har kome der i frå har hatt å seia for utbreiinga av Guds rike i India.
Hjelpearbeid etter tsunamien
Etter tsunamien råka austkysten av Sør India for nokre år sidan har me vore med på eit stort gjenreisingsarbeid. Fattige fiskarar har fått nye båtar og fiskegarn, etter at alt utstyret deira vart øydelagd av tsunamien. Me har og bygd hus til 29 familiar, og starta skule for det kastelause Yanadifolket.
Me har også fått vere med på å starta opp mange såkalla sjølvhjelpgrupper, der kvinner får hjelp til å skapa arbeidsplassar og underhalda familien sin.
Leiartrening i Nord India
Noko av det viktigaste me har drive med i alle dei åra me har arbeidt i India er leiartrening. To gongar kvart år held med leiarseminar og undervisning for kristne leiarar mange stader i Nord India. Me får stadige tilbakemeldingar om kor høgt medarbeidarane våre verdset desse samlingane og kor mykje hjelp dei får gjennom undervisning og forbønn.


