Om oss » Jesus » Personlige historier » Camilla forteller sin historie
 

Camilla forteller sin historie

Eg har vel alltid trudd på Gud på eit vis. I alle fall ein vagt definert guddom som verkeleg var kjelda til og beskyttar av alt godt. Det forekom meg naivt å tru at heile denne merkverdige eksistensen ikkje skulle ha noko utanfor og bak seg, at det heile var eit tilfeldig samansurium av atom og slikt.

 

Skeptisk til de som hevdet å vite hvem Gud var
I mi gudstru var eg svært skeptisk og kritisk til alle som ville hevde ei rett fortolking eller framstilling av kva eller kven Gud er, og den kristendommen eg kjende forekom meg i alle fall ikkje noko nærare Gud enn noko anna. Kristne og kristendom var i mine auge noko fastlåst, formelt og ureflektert som låg meir i hovuda og vanene til folk enn noko anna. Eg erklærte meg sjølv agnostisk, og var tilfreds med det. Likevel vart Guds eksistens og eit behov for oppklaring på eit vis stadig klårare for meg, som om eg måtte fjerne meg for å kunne nærme meg.

Vendepunktet
Vendepunktet vart for meg utløyst av ei rekke ting. Eg kjende at der var mange spørsmål som trong å komme opp i lyset, og eg tok til å diskutere alt dette rundt Gud og Jesus og sånt med ei kristen vennine. Eg vart kjend med henne og hennar kristne vener, og eg vart forbausa av det eg såg. Ikkje berre fekk eg svar på mine spørsmål, som når ukjende bitar fell på plass i eit puslespel; eg var vitne til ein kristendom eg ikkje hadde visst om før.

Det eg såg hadde noko ekte ved seg, og desse menneska passa ikkje inn i nokon av mine båsar. Dei var på same tid oppegåande, normale menneske og heilhjarta engasjerte i Gud. Eg høyrde bodskap blant dei og i menigheita som verkeleg rørde ved ting i meg, og eg visste utan å vete korleis at dette var Gud. Plutseleg visste eg fleire ting utan å vete korleis, og fleire bitar fall på plass. Eg tok imot frelse, og vart døypt og lagt til Guds menigheit.

Livet med Jesus
No har eg gått inn i resten av livet mitt med Jesus, og kristenlivet er på ingen måte som eg hadde trudd, korkje kjedeleg eller einsidig, men ubeskriveleg bra på alle måtar. Gud lever og er nær, og mitt utgangspunkt i møte med alle utfordringar er heilt annleis enn det var for litt over eit år sidan. Mykje av det som har skjedd i meg har eg ikkje ord for, men Gud har leia meg til seg.

- Camilla 

Treff: 2704
  364 tomler opp | Tro, Vitnesbyrd, Jesus
Kommentarer (1)Add Comment
...
Skrevet av Lene, november 01, 2009
Fantastisk vitnesbyrd Camilla =D

Skriv kommentar

busy
 

 
 


 
Kopirett © 2008 Kristent Fellesskap i Bergen.
Innhold på siden kan kopieres etter avtale med webmaster